Informasjon !

Fra Breiband Til Alle AS:

23.11.2006 - mta - mobiltilalle  

Breiband Til Alle lanserer i Desember 2006
mobil til alle (mta):

registrer her ->

mta abonnement priser:

Tale:
18 øre per minutt (mellom mta abonnentar)

SMS:
37 øre per melding (mellom mta abonnentar)

Øvrige prisar:

Oppstartsavgift

0,69

pr.stk

Fastnett

0,78

pr.min

TN-Mobil

0,78

pr.min

Community

Alle MTA til MTA

0,18

pr.min

Andre mobil oppr

1,50

pr.min

SMS

0,58

pr.stk

SMS Community

MTA til MTA

0,38

pr.stk

MMS

1,98

pr.stk

Månedsavgift

78,00

Etablering

98,00

Portering

198,00

 

12.08.2004 - PRESSEMELDING 

Første Breiband til alle-kundane på nett

I juli månad blei dei første Breiband til alle-kundane kobla opp på Larsnes. Både privat-abonnentar (ADSL) og verksemder (SDSL) på Larsnes får no breiband levert av Breiband til alle. – Saman med sentrale leverandørar som Bravida og Telenor arbeider vi no på spreng for at den planlagde utbygginga av dei øvrige fem sentralane i Sande skal skje så snart som råd, seier styreleiar i Breiband til alle, Osvald Ristesund.

Utbygginga i full gang
Frå Larsnes-sentralen skal siganala sendast ut til dei øvrige telefonsentralane via ei ny radiomast på Vorakletten på Sandsøya. – Tysdag i neste veke tek vi på oss dugnadshanskane og reiser ut på Sandsøya med hakke og spade for å hjelpe Bravida med ein del av arbeidet. – Vi gjer det vi kan for å halde kostnadane nede, seier styreleiaren. I dei neste vekene vil det vere hektisk aktivitet med montering av resten av utstyret som skal gje full dekning av breiband i heile Sande kommune. – Det er eit omfattande prosjekt vi er i gang med og vi stressar no med å få på plass resten av utstyret. Reint teknisk går prosjektet på skinner. – Det som kanskje har vore største utfordringa i prosjektet har vore tid. - Her er mange leverandørar i eit slikt prosjekt som også har si sakshandsamingstid, understrekar Ristesund.

Sommardvalen over
Sjølv om mange av leverandørane til Breiband til alle har vore i arbeid i ferien så har vi som steller med dette prosjektet til dagleg hatt ferie, seier styreleiaren. Men, i den næraste tida vil vi ta kontakt med resten av kundemassen vår for å sjekke dei siste detaljane på bestillingsarka vi har fått inn og gå gjennom kva teknisk utstyr den einskilde ønskjer montert. – Vi har elles starta kursinga av nøkkelpersonar som skal halde orden drift og vedlikehald av breibandet, seier Ristesund.

Nye kundar velkomne
- Vi tek sjølvsagt imot nye kundar med opne armar og her bed vi om at interesserte tek kontakt med oss for informasjon. Eit samla næringsliv står bak selskapet og det er liten tvil om at mange ikkje hadde fått tilbod om breiband dersom Breiband til alle ikkje hadde vorte skipa, seier Ristesund. Med ein lokal bank i ryggen og Sande kommune som største kunde håper sjølvsagt at også innbyggarane vel oss som leverandør og på den måten støttar opp om det som næringslivet i Sande har sett på som ei av dei viktigaste infrastrukturutbyggingane i nyare tid. – I små kommuner som Sande er det nok lokalt initiativ som må til for å få til full utbygging av breiband, avsluttar Ristesund.

 

For meir informasjon, ta kontakt med styreleiar i Breiband til alle AS, Osvald Ristesund, på telefon 90 54 10 56.


23.06.2004 - PRESSEMELDING

FINANSIERING PÅ PLASS FOR BREIBAND I SANDE

Breiband til alle AS har no gjort avtale om finansieringa av breibandutbygginga i heile Sande kommune. Det er også underteikna kontrakt med Bravida Vest som skal stå for sjølve utbygginga og teknologien i breibandet. Arbeidet med utbygginga starar i veke 27, og Breiband til alle kan som einaste selskap gje tilbod om SDSL og ADSL frå alle seks sentralane i kommunen.

God kundemasse

Breiband til alle har sikra seg godt med kundar. Ikkje minst har selskapet gjort avtale om levering av breiband til Sande kommune sine lokasjonar (rådhus, skular, barnehagar, m.v.). Dette opnar mulegheitene for at alle skulane/skuleelevane i kommunen kan nytte breiband. Nettopp å nå fram til alle har vore styret si målsetting frå starten.

Dette er såleis ein milepæl både for selskapet og for innbyggarane i kommunen, seier styreleiar Osvald Ristesund. Bak selskapet står både næringslivet, privatfolk og kommunen. Målsettinga har vore å sikre full utbygging av breiband i alle krinsar og signala frå leverandøren tyder på at alle bygdene skal ha breiband i månadsskiftet august/september. – Det tek nokre veker å få konsesjon på radiosambandet, seier styreleiaren.

Sentralen på Larsnes står først i utbyggingsplanen til selskapet og vil vere operativ frå månadsskiftet juni/juli. Her skal det også monterast radiomast som skal kommunisere med ein ny sentral på Vorakletten på Sandsøya. Frå Vorakletten går så breibandet vidare til telefonsentralane på Kvamsøy, Sandsøy, Haugsbygda og Gurskebotn. Gjerdsvika skal forsynast med fiber (leigd av Telenor) frå sentralen i Haugsbygda.

Selskapet har opna eiga heime-side – www.breibandtilalle.no – og ønskjer sjølvsagt nye kundar velkomen.

For meir informasjon, ta kontakt med Osvald Ristesund telefon 90541056, eller på telefon 70029631.

10.06.2004
Breibandstilbud i Sande kommune.


Breiband Til Alle AS håper snart å vere i drift i Sande Kommune, Larsnes vil vere dei første som får muligheit til å koble seg på med oss. Deretter vil dei andre stasjonane verte utbygd etter tur og orden.

Breiband Til Alle AS har vedteke å satse på ADSL/SDSL utbygging. Dette er ein teknologi som ikkje krev fysiske installasjonar hjå den einskilde abonnent, kun eit ADSL modem som er inkludert i etableringsprisen. Dette er same utstyr som Telenor og andre brukar. Samtidig som det er ein velprøvd teknologi, som er enkel og administrere.

Breiband Til Alle AS vil derfor med det første tilby ”breiband” datatilknytning, med ADSL eller SDSL teknologi til husstander og bedrifter i store deler av Sande.
Vi kan tilby hastigheiter på inntil 2 megabit, (Over 30 gongar ISDN) men dette kan utvidast ved behov. Vi vil ha prisar frå kr 299 pr mnd.


For ytterligare informasjon:

Kontakt oss

 

Innlogging på WebMail

Nyheiter:

23.11.2006 - mta -mobil til alle


 

 
Breiband Til Alle AS _ Telefon: 70 02 68 34 _ E-post: post@breibandtilalle.no
Adresse: 6087 KVAMSØY_ Web: http://www.breibandtilalle.no
Utvikling:
Driftes av: webmaster